Troms Rød Valgallianse

Startside Bli medlem

Peikere

Uttaleser og
artikler
Om RV RV-nytt
 
MAUKEN/BLÅTIND-KONFLIKTEN

Jon-Arne Jørstad, Samisk RV

I 1997 vedtok Stortinget at Mauken og Blåtind skytefelt i indre Troms skulle slås saman.  Men – føresetnaden frå Stortinget si side -  var at det ikkje skulle gå utover reindrifta.

Striden kring den saka har halde fram heilt til no, men no med sikte på å fjerne reindrifta.  Har Stortinget endra si innstilling frå 1997?    Nei – men Forsvaret (og Forsvars-depatementet ?) ser ut til å gje f… i føresetnadene Stortinget hadde i sitt vedtak.

Reineigarane har ikkje godtatt eit tilbod på 11 millionar kroner frå Forsvarets Bygningstjeneste. Tilbodet skulle kompensere for 34 kvadratkilometer i Mauken-Blåtind-området  som i dag utgjer vinterbeiteområdet deira.
Har reineigar-familiane fått tilbod om erstatningsområda for å halde fram med reindrifta ? Nei – så kompensasjonen på 11 millionar er kompensasjon for å slutte med reindrifta. 
Har Forsvaret fått klårsignal frå politisk hald om dette?

30.august hadde  avisa Nordlys følgende melding:

-Forsvaret har rusta opp stridsvognbanen i Blåtind skytefelt til å tåle stridsvogner som ikke lenger finnes i nord. Prislappen ble 73 millioner kroner for en bane som i dag kun brukes av lettere kjøretøy.   

Er Forvaret (og Forsvarsdepartementet ?) igjen i ferd med å drite seg ut i full offentlegheit i dobbelt forstand?
    1.  Bryte med føresetnaden om å verne reindrifta i Mauken/Blåtind
    2.  Sløse bort millionar på ting det ikkje er bruk for

I 2001 blei det nye Samerettsutvalet oppretta.  Det skal greie ut rettstilhøva i områda utafor Finnmark. Meininga var at utvalet skulle ha levert si innstilling no i år, men vil tidligast bli ferdig neste år.
I mandatet til utvalet i pkt 3 heiter det mellom anna:

Utvalget bør kartlegge og komme med forslag til løsninger som kan dempe eventuelle konflikter mellom ulike bruksmåter for grunnen – bl.a. utøvelsen av reindrift, jordbruk, husdyrbruk, skogsbruksdrift, fiske, industri og vannkraft, gruvedrift, turisme, forsvar, naturvern og frilutsliv osv. Det  tenkes her på eventuelle konflikter mellom samiske og ikke-samiske brukere og på eventuelle konflikter mellom ulike interesser innen disse to kategoriene.

Så vidt eg veit har det nye Samerettsutvalet enno ikkje  kome med noko utspel når det gjeld konflikten i Mauken/Blåtind.  Innstillinga skal kome neste år.  Spørsmålet er då – sett i total samanheng – korfor pressar Forsvaret fram tilspissing av  konflikten no ?

Til sist eit spørsmål til Stortingspartia og dei som no kjempar for å kome inn på Stortinget –Kva meiner dei om Mauken/Blåtind-konflikten?

0